Denne teksten vart opphavleg publisert i Mål og Makt 3/2019. Heile utgåva kan lesast her.

“Korleis er det å – ehh – ikkje høyre?” spør du med eit sånt uttrykk (du veit kva for eitt).
“Å vere døv, meiner du?” Stillheit. “Det er ikkje eit stygt ord, veit du.” Du raudnar.
“Korleis er det å vere høyrande?” freistar eg svare. Med eit sånt uttrykk. Stundom gjer eg det óg. Det brukar å funke dei gongane eg ikkje orkar.
Men oftast vert det fulgt opp med “kor mykje høyrer du eigentleg?”. Med eit sånt uttrykk.
Eg hatar det spørsmålet. Det er mitt “kvar er du eigentleg frå?”. Det syner ikkje interesse i kven, men kvifor. Kor framand er eg? Kva gjekk gale med meg, og kor gale gjekk det? Å navigere desse spørsmåla er daglegdags, men òg utmattande då det syner kor lite storsamfunnet veit om døve.
Dette var litt av årsaka til at me i 2018 starta opp ein snapkonto etter modell av Snapkollektivet. Hverdagsdøv består av ni døve kvinner i ulike aldrar, bakgrunnar og livsstilar. Felles for oss alle er at me er døve. I eit år no har me delt kvardagane våre med omlag 2000 følgjarar. Målet er å ufarleggjere det å vere døv. For det er nett det; å vere døv er ikkje farleg. Me manglar berre (delar av) hørselen – og heldigvis sitt ikkje språksenteret i øyra. Det me går glipp av grunn av sansetapet får me tilgang til gjennom norsk teiknspråk – det største minoritetsspråket i Noreg. Gjennom teiknspråk kan me få full tilgang til storsamfunnet, og samstundes få verte del av eit miljø med eigen kultur og historie.
Med andre ord: Det er jo berre å la døve barn lære teiknspråk så blir alt bra, ikkje sant? Den røynde nynorskingen kjenner kanskje att utfordringa allereie her. Ingenting er sjølvsagt når det kjem til språk. Språk er identitet, kjensler og makt. Dei aller fleste døve barn er fødd av høyrande foreldre. Framleis i dag møter foreldre legar som fraråder teiknspråk, med argument om at det seinkar taleutviklinga eller øydelegg for norskinnlæringa. Dette til tross for at forskning dei siste åra syner at tidleg tilgang til teiknspråk faktisk styrkar innlæringa av andre språk, som til dømes norsk.
Trass i at norsk teiknspråk er eit fullverdig språk på lik linje med andre skrivne, talte og teikna språk, vert det framleis i stor grad rekna som eit hjelpemiddel. Framleis i dag må ein ha sakkyndig vurdering frå PPT for å få rett til skulegang og opplæring i og på teiknspråk. For kva andre språk må ein ha behovsprøving? Når ein har prøvd høreapparater, implantater, hjelpemidler og tilrettelegging og det ikkje funkar – når ein har feila i Prosjekt Høyrande – så vert i mange tilfelle teiknspråk siste utveg.
Vert du derimot meister i Prosjekt Høyrande så speler du høyrande nok til at ekte høyrande er komfortable rundt deg – samtidig som dei får ei godkjensle for at dei har inkludert deg. I Prosjekt Høyrande er det ikkje viktig om du faktisk er eit fullverdig medlem av samfunnet og har full tilgang til alle tenester på lik linje med alle andre, så lenge du ikkje er til bry for dei ekte høyrande. Det aller viktigaste her er at dei ikkje legg merke til at du er døv. Då vert dei kleine.
Prosjekt Høyrande er altså målet. Behovsprøving av teiknspråk er eit av fleire gode midlar ein kan nytte for å oppnå dette. Andre måtar er nedbygging av tolketenesta, nedlegging av døveskular og integrering(“inkludering”) av døve barn og unge i nærskulane. Om døve og hørselshemma barn og unge får opplæring i og på eit språk som dei har full tilgang til, har faktisk utbytte av undervisninga og ender opp som “gagnlege menneske” som opplæringslova tilseier, er underordna.
Det som teller er at staten slepp ansvaret samstundes som Noreg kan smykke seg som inkluderingsbesting, at familien slepp å flytte dit døveskulen fins, slepp å lære eit nytt språk. Gjennom “inkludering” i nærmiljøet vert døve vellukka deltakarar i Prosjekt Høyrande. Men siste utveg burde vore førstevalet. Ein kvardag der ein kan senke skuldrane og delta utan å verte utslitt. Utslitt av å prøve å få med seg det som vart sagt, sleppe å måtte stire på munnen og prøve å gisse seg til kva ord den skulle forestille. For i Prosjekt Høyrande er inkludering, integrering og assimilering eitt og det same.
Språkleg kolonialisme heiter dette. Å aktivt snakke vekk og nedvurdere eit språk til fordel for eit anna. Alt dette føyer seg óg inn i det vi kallar audisme – diskriminering av døve og hørselshemma på bakgrunn av hørsel. Når denne diskrimineringa er forankra i lovar, reglar og praksis så vert det strukturell diskriminering. Behovsprøving og sakkyndig vurdering rundt teiknspråk er dømer strukturell audisme. Eit anna døme er at det er fullt lovleg å nekte meg å gi blod dersom eg tek med meg teiknspråktolk til blodbanken. Om eg derimot spelar høyrande truverdig nok(eg treng ikkje forstå, eg treng berre late som), så er det fritt fram.
“Norsk teiknspråk har ein grunnleggjande verdi i seg sjølv, mellom anna som identitetsmerke og ekte kulturuttrykk for ein språkleg minoritet i det norske samfunnet. Norsk teiknspråk er ein del av den norske kulturarven og ein del av det språklege mangfaldet i landet som det offentlege har ei plikt til å verne og fremje”.
UTKAST TIL LOV OM SPRÅK (SPRÅKLOVA)
Dette er henta frå Utkast til lov om språk (Språklova), som var på høyring i haust. Ti år etter Stortingsmelding 35 Mål og meining, er det endeleg komme forslag om lovfesting av norsk teiknspråk som det nasjonale teiknspråket. Det er inga tvil om at teiknspråkstatusen stig. Teiknspråk er plutseleg over alt – på insta, på MGP, hjå kulturministeren! Så denne lova har det verkeleg stått store forventningar til. Samstundes vert det óg i forslaget understreka at “ei lovfesting av norsk teiknspråk inneber ikkje at teiknspråkbrukarar har fått utvida juridiske rettar eller at konkrete tiltak automatisk skal bli sette i gang“.
Neivel. Det skal altså framleis vere lov å nekte meg som blodgivar. Det kjem ikkje til å skje noko som kan bøte på det faktum at 82% av arbeidsgivarar ikkje ville tilsett meg, fordi eg er døv.
Det skal framleis vere lov å vanstyre tolketenesta til det punktet at det er eit alvorlig demokratisk problem, der døve må droppe ut av studier, må slutte i jobbar og ikke engasjere seg på fritida fordi det ikkje er mogleg å få riktig tolk til riktig tid.
Det skal altså framleis vere lovleg for AS Noreg å ikkje bry seg, å ikkje ta ansvaret.
Målet skal framleis vere Prosjekt Høyrande.
Så når du, med eit sånt uttrykk(du veit kva for eit) spør meg korleis det er å vere døv, freistar eg svare som Sadia Iqbal: “eg lir ikkje av funksjonshemming, eg lir av diskriminering”. Eg kan skryte av at eg kan sove gjennom alt av hauststormar og anleggsarbeid. Eg kan fortelje om å delta på døvefestival i utlandet med 2000 menneske eg aldri har møtt – og likevel ha kjensla av å ha komme heim. Heim til mitt folk og min kultur.
Men sidan det du eigentleg spør om er kvifor eg ikkje er som deg, så skal eg heller svare deg ærleg på kvifor eg ikkje lenger deltek i Prosjekt Høyrande.